Den Norske Kyrkja
Kyrkjene i Kinn
Meny

KALENDER

lørdag 24 april
Eikefjord kyrkje
søndag 25 april
Eikefjord kyrkje
mandag 17 mai
Eikefjord kyrkje
søndag 23 mai
Eikefjord kyrkje
søndag 6 juni
Eikefjord kyrkje
søndag 27 juni
14:00
Eikefjord kyrkje
søndag 11 juli
14:00
Eikefjord kyrkje
søndag 25 juli
14:00
Eikefjord kyrkje
søndag 15 august
14:00
Eikefjord kyrkje

Ledige stillingar

Det er med glede og spennning vi no lyser ut fleire stillingar i Kinn kyrkjelege fellesråd.
Her er det arbeid for mange og saman med dei som allereie er i jobb vil vi bli endå betre med det vi arbeider med: Å drive kyrkje og gravplass i Kinn. Kanskje er du den vi ser etter, eller du kjenner ein som vil passe perfekt. Vi får folk om vi spør. 
Søknadsfristane er sett til 11. april. 

Prestestillingar i Florø SJEKK UTLYSING HER  
Kateket i Florø SJEKK UTLYSING HER  
Vikar for kateket i Måløy SJEKK UTLYSING HER 
Kyrkjetenar og reinhaldar i Eikefjord kyrkje (sjå artikkel vidare)
Sommarhjelp på gravplassane både i Sør og Nord (sjå artikkel vidare.)

Ledig stilling som

 Kyrkjetenar og reinhaldar i Eikefjord kyrkje 20 %,

Kinn kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kyrkjetenar og reinhaldar i Eikefjord kyrkje. Eikefjord kyrkje er kyrkja for Eikefjord sokn. Det er om lag gudsteneste to søndagar i manaden. I tillegg kjem høgtidene. Det er om lag 10-15 gravferder i året. I tillegg er det bryllaup, Konsertar og trusopplæringstiltak i kyrkja.

Arbeidsoppgåver:

 -        Ansvar for at kyrkja er ryddig og vert gjort klar i samband med gudstenester, kyrkjelege handlingar og utlån/utleige av bygget.

 -        Reinhald av kyrkja.

 -        Til stades på gudstenester, kyrkjelege handlingar, andre samlingar og utlån/utleige av bygget.

 -        Drift og tilsyn.

 -        Ringe med kyrkjeklokkene etter nærare reglement.

-        Vikariere i andre kyrkjer i Kinn ved vakanse kan kome til

Stillinga kan eventuelt delast på to personar (reinhaldar 8% og kyrkjetenar 12%)

 Vi søkjer ein person som:

 -        Er innstilt på å yte god service for brukarane av kyrkja, og som kan opptre venleg og verdig i stillinga.

 -        Ha ei vertskapshaldning til besøkande og brukarar av kyrkja.

-        Har erfaring / utdanning frå liknande arbeid.

-        Medlem av Den norske kyrkja

-        Beherskar norsk munnleg og skriftleg.

Vi kan tilby:

-        Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstendig planlegging av arbeidet.

-        Løn i samsvar med sentrale avtalar (Hovudtariffavtalen). Pensjon i KLP.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.  For nærare opplysningar kan ein kontakte kyrkjeverje, Erling Bakke nydal tlf. 47 86 83 14. Søknad med CV og referansar vert å sende til post@kinn.kyrkja.no, innan 11.04.2021.

Ledig stilling som

Sommarhjelper på Gravplassane både i sør og nord
Tidsrom: 
Mai til og med august

Flott utearbeid i sommar  Klippe plen, kantklippe, tømme søppel, rake. gjere det fint på gravplassane, - "parkane med mange minner" i bygd og by.   Du er sikra god sommarfarge langt utover hausten.
Du bør ha førarkort klasse b, vere i forholdsvis god fysisk form, like å vere ute.  
Ved søknad må du oppgje i kva tidsrom du kan arbeide om du ikkje kan arbeide heile perioden.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.  For nærare opplysningar kan ein kontakte kyrkjeverje, Erling Bakke nydal tlf. 47 86 83 14. Søknad med CV og referansar vert å sende til post@kinn.kyrkja.no, innan 11.04.2021.

 

Av: Erling Bakke Nydal   Publisert: 22.03.2021
Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Linkar

Kontaktinfo

 

Sjå meny over ( tilsette ) for direkte telefonnummer

Måløy  

Rådhuset 3. etg
Tlf 481 00481
Opningstider:
Alle dagar 10-14, 
eller etter avtale.
Florø
Strandgt 43
Tlf: 57 75 25 30
Opningstider:
Alle dagar 10-14, 
eller etter avtale.

Facebook:
Florø:    https://www.facebook.com/Floro.kyrkje/
Måløy:  https://www.facebook.com/kyrkjeneivagsoy/

epost:
post@kinn.kyrkja.no

Fakturaadresse:
faktura@kinn.kommune.no

Postadresse:
Postboks 504, 6903 FLORØ
Postboks 33, 6701 MÅLØY

Org.nr:
976 995 678


For meir info om kyrkja klikk på logoen "størst av alt"