menighet
Tilgjengelighetserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
KALENDER

søndag 28 juli
Eikefjord kyrkje
Vågsberget - Sør-Vågsøy
Kinn kyrkje
søndag 4 august
Florø kyrkje
Nord-Vågsøy kyrkje
søndag 11 august
Florø kyrkje
Kjellerhuset Svanøy
søndag 18 august
Nord-Vågsøy kyrkje
Eikefjord kyrkje
Sør-Vågsøy kyrkje
søndag 25 august
Florø kyrkje
Sør-Vågsøy kyrkje
Friluft
13:00 Dåp
Nordal kyrkje
søndag 1 september
Nord-Vågsøy kyrkje

Gravplass

Det er 19 offentlege og ein privat gravplass i Kinn kommune. Det er Kinn kyrkjelege fellesråd som er lokal gravplasstyresmakt i Kinn kommune. Spørsmål om gravplassane i Kinn kommune skal difor rettast til kyrkjekontoret. 

Oversikt over gravplassane i Kinn kommune:

Florø
Slettevoll
Nordal
Svardal
Steinhovden
Stavang
Standal
Kinn
Reksta
Askrova
Svanøy 
Eikefjord

Almenningen
Holvik
Kråkenes
Nord–Vågsøy
Skavøypoll
Sør–Vågsøy
Tytingvåg
Vågsvåg



Rett til grav
Alle innbyggjarane som er folkeregistrert i kommunen har rett på ei fri grav i 20 år dersom grava vert tildelt. Det er høve til å reservere grav ved sidan av den frie grava, men denne grava må det betalast feste for frå ho vert reservert. Ved gravlegging i festa eller reservert grav, gjeld ingen rett til fri grav i 20 år. Dersom ein er folkeregistrert i ein anna kommune gjeld betaling som nemnt i reglementet som ligg nederst på sida. 

Feste av grav
Etter at friperioden på 20 år er ute, er det høve til å feste grava. Det skal betalast avgift for å feste ei grav. Ei grav kan berre ha ein festar. Dersom to graver har sams gravminne (gravstein), er dette å rekne som ein gravstad og det kan ikkje vere meir enn ein festar. Ein gravstad med sams stein, men som inneheld to gravr, skal betale festeavgift for to graver. 
Festaren rår over grava. Han har rett til å setje opp gravminne og kan avgjere kven den festa grava kan opnast for. Sameleis har festaren rett til å fjerne gravminnet. 

Overdraging av feste
Ein festeavtale kan overdragast frå ein person til ein annan, men det skal ikkje gjerast mot noko form for vederlag. Fellesrådet skal godkjenne overføringa av festeavtalen. Dette skal gjerast skriftleg, og helst i eige skjema. 
Dersom ein festar døyr, er det dødsbuet som er ansvarleg for å melde frå til fellesrådet om kven som er festar. Praksis er at den som var ansvarleg for gravferda vert registrert som festar, men at dødsbuet må melde frå til fellesrådet om det skal vere ein annan festar. 

Festeavgift
Det er Kinn kommunestyre som vedtek festeavgifta, etter framlegg frå fellesrådet. Det skal betalast festeavgift for ti år samla. Doble graver skal betale dobbel festeavgift. Om festeavgifta ikkje vert betalt, vert grava sletta. 

Gravminne
Eit gravminne (gravstein) kan setjast opp på grava. Det skal ikkje setjast opp gravstein utan at fellesrådet fyrst har gjeve løyve til det. Det skal setjast opp på merka stad. Festaren er sjølv ansvarleg for gravminnet. Dersom gravminnet sig, skal festaren syte for at det vert retta opp. Om det er fare for skade, kan fellesrådet leggje ned gravminnet. Teksten på gravminnet skal vere leseleg. Fellesrådet kan utføre visse oppgåver mot betaling. Sjå eige skjema. 

Plantefelt
Framom steinen har festaren rett til å setje ned blomar. Det skal ikkje vere breiare enn gravminnet, men kan vere 60 cm. Det må ikkje stikke lenger fram enn 60 cm. målt frå bakkant av steinen. Om det ikkje skal vere plantefelt, skal festaren syte for at det vert sådd i gras kring heile gravminnet. 

Sletting
Festaren av ei grav står fritt til å slette festeavtalen kor tid som helst. Vi oppmodar alltid om å høyre med familie, slekt eller andre som kan tenkjast å ha eit ynske om å take over festet på grava, før ho eventuelt vert sletta. Når ei grav vert sletta, har festaren rett til å fjerne steinen innan seks månadar. Vidare gjev festaren ansvaret frå seg til fellesrådet. Fellesrådet kan late andre take over festet av grava. Sletting skal alltid gjerast skriftleg, og helst på eige skjema. 

Skilt på grava
Dersom du opplever at det står eit skilt frå gravplasstyresmakta ved ei grav du har ansvar for, er det viktig at du kontaktar kyrkjekontoret snarast. Dersom vi manglar informasjon om ein festar, det manglar betaling for feste eller liknande, set vi opp skilt. Skilt skal ikkje fjernast eller flyttast av andre enn fellesrådet. Om ingen tek kontakt med kyrkjekontoret om graver som har fått skilt, vert grava til slutt sletta og steinen fjerna. 

Vedlikehald av gravplassar
Kinn kyrkjelege fellesråd er ansvarleg for vedlikehald av dei 19 offentlege gravplassane våre. Dette er både kostbart og krevjande, men ei svært viktig oppgåve. Vi bed om at alle hjelper til, slik at det vert lettast mogleg å halde gravplassane i god orden. Med dette meiner vi å ha plantefelt innanfor storleikskrava, skikkeleg innramming av plantefeltet, setje på plass utstyr som vert lånt og sortere avfallet. 

Regelverk
Det er mange reglar knytte til drift av gravplassar. 
Gravplasslova finner du her.
Gravplassforskrifta finner du her.
Vedtekter for gravplassane i Kinn kommune finner du her.

Skjema for sletting av grav finn du her.

Skjema for overføring av feste finn du her.

Reglement for betaling finn du her.

 

Kinn kyrkjelege fellesråd har godkjend eigne vedtekter for gravplassane i kommunen. 
Har du spørsmål om gravplassane i Kinn kommune eller om gravferd i Den norske kyrkja, kan du kontakte kyrkjekontoret. 

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Lenker

Kontaktinfo

FLORØ
Markegata 28
Postboks 504, 6903 FLORØ
Tlf: 481 00 481
Opningstider:
Mandag, tirsdag, torsdag og fredag 10-14, eller etter avtale.
Lunsjstengt frå kl. 11.30 til kl. 12.00.
Onsdagar - stengt

FØLG OSS PÅ FACEBOOK

MÅLØY
Rådhuset 3. etg
Postboks 33, 6701 MÅLØY
Tlf 481 00 481
Opningstider:
Mandag, tirsdag, torsdag og fredag 10-14, eller etter avtale.
Lunsjstengt frå kl. 11.30 til kl. 12.00.
Onsdagar - stengt
FØLG OSS PÅ FACEBOOK

Epost: kyrkja@kinn.kommune.no

Fakturaadresse: faktura@kinn.kommune.no
Org.nr: 976 995 678