Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Ledig stilling som kyrkjetenar i Florø kyrkje
Vil du gjere eit viktig samfunnsoppdrag og gjere teneste i viktige handlingar for innbyggjarane våre? No har vi ledig stilling som kyrkjetenar i Florø kyrkje. Stillinga er 30 prosent. Kinn kyrkjelege fellesråd har ansvaret for dei sju kyrkjene og 19 offentlege kyrkjegardane i Kinn kommune.
Foto: Visit Fjordkysten
Hovudarbeidsstaden vert Florø kyrkje, men kyrkjetenarane vikarierer for kvarandre. Florø kyrkje er ei stor langkyrkje frå 1882 med mykje aktivitet. Som kyrkjetenar er du den fyrste som møter folk i kyrkja, både i sorg og glede.
Arbeidsoppgåver:
- - klargjere kyrkja for kyrkjelege handlingar og andre aktivitetar
- - syte for at tekstilar og inventar er velstelt og i orden
- - bruk av kyrkjeklokkene
- - ansvar for brannvern og HMT
- - reinhald utover det som reinhaldaren gjer
- - opprydding etter kyrkjelege handlingar
- - snørydding
- - vanlege vaktmeisteroppgåver og vedlikehald
- - styring av lyd under kyrkjelege handlingar
- - andre oppgåver som vert delegert frå kyrkjeverja
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- - gode samarbeidsevner
- - fleksibilitet
- - gode kommunikasjonsevner
- - interesse for kyrkjelege handlingar er nyttig
Vi legg avgjerande vekt på personlege eigenskapar. Det må påreknast arbeid i helger, kveldar og på heilagdagar. Oppstart snarast råd.
Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Det vert lagd stor vekt på at personen er eigna til stillinga. Pensjonsordning gjennom KLP. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale. Vi krev godkjend politiattest ved tilsetjing på grunn av arbeid med born og unge, jf. trussamfunnslova § 20. Søkjarlista er offentleg, og opplysningar kan gjerast offentlege, jamvel om søkjaren bed om å ikkje vere offentleg, jf. offentleglova § 25.
Send søknad og dokument til kyrkja@kinn.kommune.no eller lever på kyrkjekontoret i Florø eller Måløy. Postboks 504, 6903 Florø. Søknadsfrist 15. mars 2024.
For meir informasjon, kontakt kyrkjeverja i Kinn, Dag Henrik Nygård, dag.henrik.nygard@kinn.kommune.no, 481 00 481 eller 466 455 75.