Kyrkjene i Kinn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
OM OSS

KALENDER

søndag 21 april
Nord-Vågsøy kyrkje
Florø kyrkje
Stavang kyrkje
18:00 Konsert
Florø kyrkje
lørdag 27 april
Florø kyrkje
søndag 28 april
Florø kyrkje
Eikefjord kyrkje
Sør-Vågsøy kyrkje
Florø kyrkje
lørdag 4 mai
Florø kyrkje
Sør-Vågsøy kyrkje
Florø kyrkje
Sør-Vågsøy kyrkje
søndag 5 mai
Florø kyrkje
Florø kyrkje

Kyrkjene i Sør-Kinn

Florø kyrkje


Florø kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i sentrum i Flora bykommune.
Kyrkja, som har 500 sitjeplassar, vart vigsla 8. november 1882 av biskop Fredrik W. Hvoslef. Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan laga teikningane. Kyrkja overtok som soknekyrkje i Kinn sokn og er no hovudkyrkje i Kinn prestegjeld.

Altertavla frå 1882 er ein kopi av Bertel Thorvaldsen sin kjende Kristus–skulptur, plassert bak og oppå alteret. 


Nordal kyrkje

Nordal kyrkje er ei langkyrkje frå 1898. Byggverket er i tre og har 200 sitteplassar. Kyrkja var nummer 50 på 50 år i Sogn og Fjordane.

Kyrkja heitte tidligare Norddalsfjord kapell. 

I dag er Nordal kyrkje soknekyrkje for Nordal sokn i Kinn prestegjeld. Nordal vart skilt ut frå Bru sokn 1. januar 1998.  

 

Eikefjord kyrkje

Eikefjord kyrkje er ei korskyrkje i tre som står i bygda Eikefjord i Kinn kommune. Den vart bygd i 1812, byggmeister var Nils Olsen Kjørslevik.

Eikefjord kyrkje er ei av dei eldste kyrkjene i Sunnfjord og representerer fyrste generasjon av tømmerkyrkjene frå 1800–talet. Etter ei seinare utviding er ho no ei krosskyrkje med 350 sitjeplassar.

På Sørbøen, der kyrkja står, var det tidlegare skysstasjon, handelsbu og post– og dampskipsekspedisjon frå 1877.

Altartavla er utskoren Kristus–figur frå 1874. Preikestolen er frå 1874. Nattverdsutstyret og døypefonten er frå byggjeåret 1812.

 

Stavang kyrkje

Stavang kyrkje er ei langkyrkje i tegl som ligg i Stavang i Kinn kommune. Kyrkja har 312 sitjeplassar, og vart vigsla 16. juni 1957 av biskop Ragnvald Indrebø. Kyrkja vart bygd etter at den første kyrkja, bygd i 1873, brente ned vesle julaftan 1951. Altertavla frå den gamle kyrkja vart berga ut, og står i kyrkjelydsalen.

Arkitekt Ole Halvorsen frå Bergen laga teikningane til kyrkja. Altertavla frå 1957 er eit fargerikt glasmåleri i austveggen, laga av Egill Rognaldsen.

 

Kinn kyrkje

Foto: Turid Reksten

 

Kinn kyrkje er ei vakker steinkyrkje på nordvestsida av øya Kinn utanfor Florø. Alderen er litt uviss, kan hende er koret frå før 1100, medan skipet truleg er frå siste del av 1100-talet.

Mest kjend er lektoriet, eineståande i Skandinavia, tidfesta til rundt 1250. Kyrkja har kring 140 sitteplassar. Les gjerne meir om Kinnakyrkja her

 

 

 

Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Lenker

Kontaktinfo

FLORØ
Markegata 28
Postboks 504, 6903 FLORØ
Tlf: 481 00 481
Opningstider:
Mandag, tirsdag, torsdag og fredag 10-14, eller etter avtale.
Lunsjstengt frå kl. 11.30 til kl. 12.00.
Onsdagar - stengt

FØLG OSS PÅ FACEBOOK

MÅLØY
Rådhuset 3. etg
Postboks 33, 6701 MÅLØY
Tlf 481 00 481
Opningstider:
Mandag, tirsdag, torsdag og fredag 10-14, eller etter avtale.
Lunsjstengt frå kl. 11.30 til kl. 12.00.
Onsdagar - stengt
FØLG OSS PÅ FACEBOOK

Epost: kyrkja@kinn.kommune.no

Fakturaadresse: faktura@kinn.kommune.no
Org.nr: 976 995 678