Kyrkjene i Kinn
KALENDER

fredag 2 desember
Batalden bedehuskapell
søndag 4 desember
Nord-Vågsøy kyrkje
Florø kyrkje
Eikefjord kyrkje
torsdag 8 desember
11:00 Andakt
Institusjonane
16:30 Andakt
Institusjonane
lørdag 10 desember
18:00 Konsert
Nord-Vågsøy kyrkje
søndag 11 desember
18:00 Lysmesse
Sør-Vågsøy kyrkje
Florø kyrkje
torsdag 15 desember
Stavang kyrkje
fredag 16 desember
Sør-Vågsøy kyrkje
Sør-Vågsøy kyrkje
søndag 18 desember
Brandsøy bedehus
tirsdag 20 desember
Nord-Vågsøy kyrkje
lørdag 24 desember
11:00 Andakt
Institusjonane

LYS VAKEN I FLORØ 2022

Ansiktsmaling-Lys-vakenEndeleg har vi gleda av å invitere alle dei som går i 6. til  Lys vaken i Florø kyrkje. 26.-27. novmeber 2022 
Lys vaken er trusopplæringstilbodet for 11 åringane ( dei som er fødde i 2011 og høyrer til Florø kyrkje ) . Det er eit laurdag kveld og søndag morgon opplegg. PÅMELDING HER

Under Lys vaken blir det eit variert program med leikar, aktivitetar, formingsaktivitet, song, dans, førebuing av gudsteneste, pizza, felles frukost og tur i kyrkjetårnet. Lys vaken handlar om å vere lys vakne for det som skjer rundt oss, vakne for kvarandre og ikkje minst handlar advent om lyset som nettopp kom til verda! Det skal vi feire og at vi nettopp har starta med eit nytt kyrkjeår, 1. søndag i advent. Velkomen! 


PÅMELDING:
Vi treng påmelding frå dei som skal vere med. sjå over 

Gje melding om allergiar/diett!
For spørsmål rundt Lys vaken, ta kontakt på mail/telefon til kontorsekretær: Cecilie.Aase@kinn.kyrkja.no eller 481 00 481.

Tidspunkt: 
Laurdag 26.november:
18:30 - Oppmøte i Florø kyrkje
23:00 – Takk for i kveld . 

Søndag 27. november : 
09:00 felles frukost i kyrkja 
09:30 Forberede Gudsteneste 
11:00 Gudsteneste

Matservering:
 Pizza laurdagskvelden.
 Frukost søndags morgon.  

Det kjem til å vere med 6 konfirmantar med som hjelpeleiarar i løpet av helga. 
Vi kjem til å ha mobilhotell under samlinga.

Ved gudstenesta Søndag 27. november kl. 11.00 kjem deltakarne på Lys vaken til å delta med ulike oppgåver. Dei set pris på at foreldre, søsken og familie/vener kjem og høyrer på dei. Dersom nokon av de foresatte har moglegheit til å vere med som vaksne laurdag kveld eller søndag formiddag, så set vi stor pris på det. Gje melding til Cecilie Aase.


Med venleg helsing 

Erling Bakke Nydal, Sokneprest 
Eirik Baug Barsnes, prestevikar 

Av: Erling Bakke Nydal   Publisert: 16-11-2022
Sjå tidlegare utgåver »
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Lenker

Kinn kommune
Kirken
Kontaktinfo

FLORØ
Strandgt 43
Postboks 504, 6903 FLORØ
Tlf: 481 00 481
Opningstider:
Alle dagar 10-14, eller etter avtale.
FØLG OSS PÅ FACEBOOK

MÅLØY
Rådhuset 3. etg
Postboks 33, 6701 MÅLØY
Tlf 481 00 481
Opningstider:
Alle dagar 10-14, eller etter avtale.
FØLG OSS PÅ FACEBOOK

Epost: post@kinn.kyrkja.no

Fakturaadresse: faktura@kinn.kommune.no
Org.nr: 976 995 678